
Dei første flyktningane kom i sommaren 2015. I byrjinga kom det berre at par. Dei første kom frå Syria etter borgarkrigen der. Etter kvart kom det fleire og fleire. "Korleis var arbeidsdagane?" "Det var tungt å ha så lange arbeidsdagar. Vi måtte registrera alle, og grensa var berre oppe frå sju til ni, så det var travle dagar. Vi klarer ikkje å handtera 200 personar og vi brukte heile natta for å verta ferdig med registreringa. Dei fleste hadde vore i Hellas først, men mange vart seint tilbake. Noreg har ei avtale med andre land som går ut på at asylsøkaren vert send tilbake til det første landet dei var i viss dei ikkje har ein gyldig grunn til å søkja asyl i Noreg. Denne avtala vert kalla Dublinavtalen. Vert det avslaget på asylsaker vert flyktningane sendt tilbake til plassen dei kom først til eller heimlandet. Mange kjem til Noreg for å få eit betre liv, men det er ikkje god nok grunn til å søkja asyl i Noreg. Det må vera fare for livet. Målet for dei fleste er å koma vidare seg frå Hellas til rikare land, som Noreg eller Tyskland.»
«Kva skjedde vidare?» «Når flyktningane først kom til grensa vart dei registrert og kontrollert. Det vart ordna pass og flybillettar. Prosessen var lang fordi det kom over fleire hundre på ein dag. Det var lang ventetid så det vart sett ut talt om natta då grensa var stengt. Vi opna eit idrettshall der det var plass til 300 personar, gamle hotell vart opna og det vart sett opp ein mottak leir ved sida av flyplassen der det var plass til 600 personar. Busselskapa som frakta flyktningar med ugyldig visum til grensa vart straffa. Deretter vart dei seint til eit mottak i Oslo der dei fekk helsesjekk og sendt til politiet for å registrerast på nytt og så sendt vidare til andre mottak i landa.»

«Er
det nokon
som har klårt
å koma seg over grensa?» «Det kan ha vore forsøk. Ikkje noko
vi kan
vera sikre på. Det er vanskeleg å koma seg over grensa. Han er jo veldig godt overvakt. Så det er ikkje noko vi er sikre på. Det er fleire vaktar rundt grensa såg du skal vera veldig flink om
du klarer å koma deg over. Om det har vore nokon
så har det ikkje vorte oppdaga.»
«Korleis
var det å snakka med flyktningane?»
«Eg vart prega av å høyra på alt dei hadde opplevd. Eg fekk høyra på skjebnen deira. Historiene dei hadde. Nokre
hadde mista alt. Familien var borte, huset vart bomba, nokon
hadde òg selt alt dei hadde for å koma seg
fram. Det var tungt å høyra på. Det var jo fleire hundre flyktningar
med ulike historier. Det kom fleire
menn som ønskte seg ein familie i Noreg, men det er veldig vanskeleg for dei. Det kom både
gamle, barn, kvinner, folk i rullestol og på syklar.»
«Kvifor syklar?» «Noreg
og Russland gjorde ei avtale om at flyktningane ikkje
hadde lov å kryssa grensa til fots, så då kom dei med syklar
som
dei kjøpte i Murmansk og Nikkel. Dei fann dei
billegaste syklane dei kunne finna. Dei kosta normalt rundt 200-300 kronar, men nokon
kjøpte
syklar for 5000 kr berre for å koma vidare seg.»
Ny flyktningkrise? I intervjua med Bjørn Tharaldsen fortel han at det er veldig roleg ved grensa akkurat no, men det er teikn som tyder på ei ny bølgje flyktningar over Storskog. Vert det ei ny flyktningkrise?