mandag 5. desember 2016

Strømmen over Storskog

Noregs samfunn blei sett på prøve, sa Bjørn Tharaldsen. 48-åringen jobbar som nestleiar i politiet i Kirkenes og er grensekontrollør ved den norsken-russiske grensa. Han er fødd og oppvakse i Noreg der menneskerettane er eit sjølvfølgje. Det var i fjor sommar ting byrja å forandra seg. Det var starten på ei stor bølgje med flyktningar som ville søkja asyl i Noreg.

Russargrensa er grensa mellom Russland og Noreg. Han ligg heilt oppe i nord i Finnmark ved Kirkenes. Grensekontrollstasjonen som Tharaldsen jobbar på liggar ved Jakobselv. Grensa var oppretta i 1751 og det er ein grensestasjon på både norsk og russisk side. Både Noreg og Russland har ca. 230 operative soldatar kvar og det er eit stort gjerda langs grensa.


Dei første flyktningane kom i sommaren 2015. I byrjinga kom det berre at par. Dei første kom frå Syria etter borgarkrigen der. Etter kvart kom det fleire og fleire. "Korleis var arbeidsdagane?" "Det var tungt å ha så lange arbeidsdagar. Vi måtte registrera alle, og grensa var berre oppe frå sju til ni, så det var travle dagar. Vi klarer ikkje å handtera 200 personar og vi brukte heile natta for å verta ferdig med registreringa. Dei fleste hadde vore i Hellas først, men mange vart seint tilbake. Noreg har ei avtale med andre land som går ut på at asylsøkaren vert send tilbake til det første landet dei var i viss dei ikkje har ein gyldig grunn til å søkja asyl i Noreg. Denne avtala vert kalla Dublinavtalen. Vert det avslaget på asylsaker vert flyktningane sendt tilbake til plassen dei kom først til eller heimlandet. Mange kjem til Noreg for å få eit betre liv, men det er ikkje god nok grunn til å søkja asyl i Noreg. Det må vera fare for livet. Målet for dei fleste er å koma vidare seg frå Hellas til rikare land, som Noreg eller Tyskland.»

«Kva skjedde vidare «Når flyktningane først kom til grensa vart dei registrert og kontrollert. Det vart ordna pass og flybillettar. Prosessen var lang fordi det kom over fleire hundre på ein dag. Det var lang ventetid så det vart sett ut talt om natta då grensa var stengt. Vi opna eit idrettshall der det var plass til 300 personar, gamle hotell vart opna og det vart sett opp ein mottak leir ved sida av flyplassen der det var plass til 600 personar. Busselskapa som frakta flyktningar med ugyldig visum til grensa vart straffa. Deretter vart dei seint til eit mottak i Oslo der dei fekk helsesjekk og sendt til politiet for å registrerast på nytt og så sendt vidare til andre mottak i landa.»

«Byen vart prega. Kirkenes vart overfylt. Vi fylte opp alle hotella og opna gamle. Flyktningen gjekk rundt i byen og nokon låg i gatene. Nokon av flyktningane vart òg prega. Dei hadde kanskje fått feil opplysningar og hadde forventa meir. Mange vart skuffa når dei kom fram til Noreg. Nokre hadde òg sjukdomar når dei kom fram og andre var psykisk sjuke. Det vart òg oppdaga mindreårige som var gift og hadde barn. Det kom òg veldig mange barn. Barn under 18 år treng nokon som passar dei i Noreg. Det vart òg ei utfordring. Dei fleste flyktningane hadde lite pengar. Dei hadde brukt alt på reisa til Noreg. Det vart gjeve ut klede, pledd og mat slik at dei overlevde.»


«Er det nokon som har klårt å koma seg over grensa?» «Det kan ha vore forsøk. Ikkje noko vi kan vera sikre på. Det er vanskeleg å koma seg over grensa. Han er jo veldig godt overvakt. Så det er ikkje noko vi er sikre på. Det er fleire vaktar rundt grensa såg du skal vera veldig flink om du klarer å koma deg over. Om det har vore nokon så har det ikkje vorte oppdaga.»

«Korleis var det å snakka med flyktningane«Eg vart prega av å høyra på alt dei hadde opplevd. Eg fekk høyra på skjebnen deira. Historiene dei hadde. Nokre hadde mista alt. Familien var borte, huset vart bomba, nokon hadde òg selt alt dei hadde for å koma seg fram. Det var tungt å høyra på. Det var jo fleire hundre flyktningar med ulike historier. Det kom fleire menn som ønskte seg ein familie i Noreg, men det er veldig vanskeleg for dei. Det kom både gamle, barn, kvinner, folk i rullestol og på syklar

«Kvifor syklar «Noreg og Russland gjorde ei avtale om at flyktningane ikkje hadde lov å kryssa grensa til fots, så då kom dei med syklar som dei kjøpte i Murmansk og Nikkel. Dei fann dei billegaste syklane dei kunne finna. Dei kosta normalt rundt 200-300 kronar, men nokon kjøpte syklar for 5000 kr berre for å koma vidare seg.»

Ny flyktningkrise? I intervjua med Bjørn Tharaldsen fortel han at det er veldig roleg ved grensa akkurat no, men det er teikn som tyder på ei ny bølgje flyktningar over Storskog. Vert det ei ny flyktningkrise?

1 kommentar:

  1. Ein informativ og personleg tekst - godt val å intervjua Bjørn Tharaldsen og fin vinkling på det heile:) CC

    SvarSlett